søndag, desember 06, 2009

eksamen..



Stemningsrapport kl 21.00 kvelden før eksamen i Sosial organisasjon og identitetsdannelse. Hører på Sloveig Slettahjell som syng Take it with me. (Sjekk ut www.ragnhildogvegar.wordpress.com for å høre denne nydelige sangen) Med gitaren stødig bak meg, god rødvin på pulten i tillegg til yerba mate, eit grovt rundstykke med brunost, saft, kaffi og litt notater foran meg har eg det rett så koselig. Er akkurat ferdig med artikkel-kompendiet, og skal pugge litt no før leggetid kl 23.

I den eine vinduskarmen har eg to adventslys, det er jo 2.søndag i advent! I det andre vindauget heng to pepperkakehjerter for å skape litt julestemning. Innimellom set eg på litt god julemusikk for å skape ekstra god stemning. Til tross for at eg føler at ingenting av det eg les vil feste seg til hjernebarken, så held eg motet oppe med desse førjul-koselige innslaga!

God kveld frå meg!

onsdag, desember 02, 2009

FRANKRIKE!

Torsdag reiste pappa og eg til Frankrike :) Første gang for begge to! Vi flaug Ålesund-Oslo-Paris, og tok tog til Tours som ligg ca to timar sør fofr Paris. Fredag kom Kjersti også, og mannskapet var klare til Euro Gusto 2009! Euro Gusto er ei matmesse som arrangerast av Slow Food som pappa og tre andre klippfisktilvirkarar er medlem av. Vi sto på stand frå kl. 10-22 fredag til søndag, og solgte bacalao-smaksprøver og klippfisk til den store gullmedalje! Kjersti fekk virkelig friska opp att fransken, og pappa var slett ikkje verst han heller.. Eg blei veldig god på å late som eg forstod fransk, trur eg greidde å smile og le når det var forventa, men skjønte lite. Veldig kjekk tur, eit minne for livet!




søndag, november 15, 2009

HURRA for Kjersti og Harald!! <3



Kjersti og Harald er trulova! Eg er så glad! :)

mandag, oktober 19, 2009

Verdens beste morfar!

Eg er så glad for at eg har verdens beste morfar! I helga var eg i Oslo. Kjørte nedover fredag ettermiddag, og kom fram til Hanne seint på kvelden. Då diska ho opp med nydelige vafler, boks-cola og godt selskap. Fredag skulle ho på jobb, så eg tok turen til Merete, Dag-Filip og lille skjønne Vilde laurdag formiddag. Kl 12 gjekk turen vidare til verdens beste morfar! Vi åt winer-brød og drakk kaffi, gjekk ein lang tur i det nydelige haustveret, og morfar laga deilig meksikansk tomatsuppe når vi kom inn att. GOD ettermiddag på Hiltonåsen!






Før vi skulle i bursdagsselskap til Peter kom onkel Dag innom og ordna noko i leiligheten, og så kjørte vi saman til Asker. Eg fulgte etter i retur-bilen som Peter fiksa til meg! :) Det vart ei solid feiring i undelstadvegen, og utan at eg visste det sjølv var eg "overraskelses-gjesten" som ingen visste om :) Artig! Neste dag kjørte Peter meg inn til Oslo, der eg møtte Synnøve. Vi dro til Nobel Fredsprishuset og såg på utstillinga der. FLOTT! Skulle hatt ein heil dag der. Seinare på dagen, når Synnøve hadde dratt på jobb, møtte eg Anette og Eva, Argentina-venninner. KOSELIG!! Så tok eg nattbussen heim til Trondheim i natt, og kom fram kl 06.30 i dag-tidlig. BRA helg!!

søndag, september 20, 2009

Vidunderlige Laura!

Eg har blitt tante!! Laura er fantastisk skjønn, til og med når ho vræler så vi burde ha på oss hørselsvern. Ho et og søv stort sett heile tida, og veks i ei rasande fart! Det er stas å vere tante Birgitte :)




Mamma/mormor var på besøk i Børsa, og eg nytta anledninga til å ønske meg rund sjokoladekake ("mormors") og feire bursdagen min ei veke på forskudd :) Koselig! Magnhild var i Trondheim, og blei med til Børsa på bursdags-kaffikos. Veldig kjekt!!

torsdag, august 20, 2009

Trondheim!

Så blei det Trondheim på meg i år. Eg skal studere sosialantropologi. Har vore her ei og ei halv veke, bur på Nardo og ser rett bort på Tyholt-tårnet frå rommet mitt.

Den første veka budde eg i Børsa hos Ragnhild og Vegar.

Vi venter spent på lille knøttet inni magen til Ragnhild. Gleder meg til å bli tante:)


I dag er det IKEA og handballtrening på programmet. I morgon skal eg på årets andre forelesning før eg set meg på flyet til Sola, Stavanger. Skal i Bryllup til Eva og Bolav!!! Gleder meg:)

lørdag, juli 25, 2009

sommeren nærmer seg slutten, kva no?

No er sommeren snart over. Eg er fortsatt i villredet når det gjeld hausten.. På tide å bestemme seg snart kanskje? I mellomtida mimrer eg litt tilbake til pilegrimsturen, sommerens høgdepunkt! Those were the days, beautiful days!




onsdag, juni 10, 2009

pilegrimsvandring

I sommer skal Hanne og eg gå siste del av pilegrimsvegen til Santiago de Compostela i Nord Spania. Gleder meg veldig!!! Eg held på å lese ei bok om turen, og fann eit fint dikt om å vere pilegrim:

Pilegrim, åpne øynene
og se den ydmyke blomst
langs pilegrimsveien,
som med sin farge og duft
hilser deg velkommen.
Pilegrim, se på fjellene i det fjerne,
majestetisk og stolt,
og se på elven og på fuglene.
Se på sommerfuglen i det han ser deg,
flyr av gårde.
Og på treet og det lille akset
som nikker for deg.
Og se den yndige pilegrimskvinne,
idet hun passerer, ser på deg og sier
Buen Camino! Pilegrim.
Hør på vannets rislende sang, vinden,
regnet og fuglen, som med sin røst sier
Gud være med deg pilegrim!
Og føl pilegrim, føl, føl, med hele huden,
Kjærlighet fra pilegrimsveien.
Den første morgengry,
som kjærtegner ditt ansikt,
og vinden som virvler rundt og kysser deg.
Regnet som forfrisker deg.
Og føl også pilegrim,
jorden under dine trette føtter.
Og det myke gresset, og de små steiner,
som har kjærtegnet så mange føtter.
Også den hjelpende hånden fra pilegrimer
du har delt veien med.
Vet du pilegrim hvor heldig du er
som får gå pilegrimsveien?

torsdag, mai 28, 2009

Dreadlocks!!!

Ny hårsveis! Eg har dei site vekene arbeida med eit ptosjekt som tok lenger tid og krevde meir arbeid enn eg hadde forestillt meg... Men VELDIG gøy likevel!
No har eg dreadlocks, endelig! I går hadde eg i bivoks sidan dei begynte å "gli opp"... Fekk eit tips om at bivoks fungerte som lim... og det skal eg helse å sei!!! No er håret mitt eit einaste sort mangearma stearinlys. Pappa fåreslo å bruke meg til juletre neste jul, med levande stearinlys.. hehe, eg veit ikkje heilt.. (Bivoks får du kjøpt i slike plater du kan lage stearinlys av.. for den som ikkje visste det)Her er resultatet: (riktignok før eg hadde bivoks i, men det ser ganske likt ut likevel, bortsett frå at no er dei mykje stivare enn dei var på desse bilda)

Første bildet er rett etter at eg var ferdig med backcombing:

Her er to bilder av resultatet etter at eg føna i litt dreadwax:



Kanskje blir eg sjåande ut slik igjen? Men ikkje før om leeeenge da! :)

tirsdag, mai 19, 2009

17.mai i Børsa!

17.mai 2009 feira eg med familien i Børsa. Vi hadde ei fantastisk fin helg hos Ragnhild og Vegar. Takk for ei minnerik og god helg!!! Her er eit utvalg bilder frå 17.mai:





søndag, mai 03, 2009

Fisketur på Godøyfjellet!

Natt til 2.mai gjekk Øyvind og eg opp på Alnes og skulle prøve fiskelykka!
Bilder kjem seinare!

...her er nokre bilder:


søndag, april 26, 2009

Italia på Slow Fish

Sist helg var papsen og eg på Slow Fish messe i Genova, Italia. Genova er ein utrulig sjarmerende havneby nord i Italia. Vi budde på eit hotel i Porto Antico, den gamle havna. På messa var det mykje liv og fullt kjør!!! Over 55000 besøkande på 4 dagar seier vel sitt.. Vi hadde med nesten eit tonn med klippfisk, og vart utsolgt på 3 dagar! Den siste dagen sto vi på standen utan noko å selge, då vart det mange skuffa italienarar.. Her er nokre bilder:
Hotel Acquario i Genovas trange gater

Monumentet i havna var stort, flott og ruvande!

Pappa på standen. Her "budde" vi iløpet av dagane denne helga.

Italienarar var ville etter klippfisk frå Norge!! Wæcko:)

Våre gode venner frå Cornwall sto på standen ved sida av og solgte østers! God stemning og godt naboskap:)

tirsdag, mars 10, 2009

dans

Dance for your life:) I helga var eg på salsa-kurs i Ålesund. Fantastisk artig! Derfor vil eg anbefale alle som har mulighet til å danse om ikkje å nøle eit sekund. Det er utrulig kjekt, sosialt og bra trening for både kropp og sjel!



Sagt om dans:

Under vatnet heng alle holmer saman.
(Underwater, all islands connect.)
(Jowitt)

torsdag, februar 26, 2009

Soloppgang bak sjøbuda..

I dag var vinterens første morgon med morgonsol på kontoret. Utrulig vakkert og kjempedeilig med soloppgangen rett i fleisen!

Vakkert.

torsdag, februar 12, 2009

Sykt mykje snø!

Dei siste dagane har det lava ned med snø. Fantastisk. Øyvind og eg var på skitur uti Leiningane i går, og i dag var eg på "aleine-tur". Gleder meg over snø og skikkelig vinter. Når meldingane seier det skal bli kaldare til helga blir eg berre i enda betre humør:) Her er nokre bilder frå snøkaoset!


torsdag, januar 01, 2009

Feliz año nuevo!

Godt nytt år! Håper 2009 blir eit godt år for alle! Starten har iallefall vore upåklagelig her på Godøya. Vi har vore samla familie og venner, og det har vore så trivelig! Her er nokre bilder frå nyttårsaftan og den første dagen i året:)