fredag, desember 08, 2006

Desember, advent og intensiv førjulskos:)

Då er desember godt i gang, og eg for min del har hatt ei veke med intensiv førjulsfeiring her heime, før det ber på "bøljan blå". Julemusikken har stått på frå morgon til kveld..(ja, ok, det var en liten overdrivelse..) Til tross for snømangel, har det likevel vore god adventsstemning i heimen.

Har baka tre forskjellige sortar julekake, hengt opp julegardiner, hjelpt farmor med julevasken og chilla'n max denne veka. I morgon fortsetter eg førjulstida på hurtigruta og ser fram til å feire jul og nyttår der i år. Prøver å overbevise meg sjølv om at det blir bra:) Men det blir nok neppe som ei god jul heime på Godøya. Har laga meg eit nytt slagord: "Come what may, and I'll make the best out of it".
I dag var papsen og eg på sjøen og drog julefisken:) HÆRLEG!! Ny båt og motor gjekk som ei klokke, fisken beit, og veret var strålande. Kan eg be om meir?!


Vakker vinterdag i havgapet!

torsdag, november 23, 2006

Årets spiller!!


Lillebror som har blitt så stor! I kveld vart han kåra til årets spiller på Godøy/Vigra sitt G16-lag. Så vel fortjent for Øyvind-gut som er så god!

onsdag, november 22, 2006

Vedhogst, fjelltur og poker!

Dette oppsummerer siste veka.
Hell i spill for min del. Ragnhild og Vegar satsa på kjærligheten:)


Storehornet 497 m.o.h. Ved til vinteren..

søndag, november 12, 2006

Dème baile, puros y Cuba. Muchas gracias.


brilleslanger



Søskenbarn Åse-Britt og ei venninde var på besøk i går. Vi var hos farmor som proppa oss full med dei hærlegaste delikatesser. mmm..ein kan leve lenge på slike middagar! I lystig lag poserte vi med farmors briller med rungende salme-musikk i bakgrunnen. Farmor sang med i godstolen og kosa seg med årets julegave-strikke-prosjekt! Eg gler meg til den mjuke pakken under juletreet i år:)

torsdag, november 09, 2006

Fjelltur!


I dag trossa eg vind og sludd, og la ut på joggetur. Då eg nærma meg skulen hørte eg fjellet ropa, og eg tok ein kjapp avstikkar oppover myrane til "pensjonist-benkane". Vidare gjekk ruta opp til valkvæ-egga, der eg signerte boka kl. 09.33. Sette kursen austover i lett jogg og stoppa etter ei stund for å ta bilde av utsikta, som er blendande vakker, eller kva?! Tok meg så ned den bratte traseen mot Leitebakken. Vått berg og gjørmete sti, det var nok av utfordringar for å sei det slik!.. Våt og svett hoppa eg i dusjen og følte meg klar til å møte ein ny dag!

mandag, november 06, 2006

Fagre Godøy



Eg hugheilar deg av heile mi hoppande blodpumpe!

Vått, men flott!



Øyvind, mamma og eg var på besøk hos Sigrid på Lundeneset i helga. Det regna i ett sett, men vi kosa oss og hadde nokre kjempeflotte dagar ilag!

onsdag, november 01, 2006

Det snør det snør!..og haglar og regnar og bles...


I går var det blås-bort-dagen på Godøya. I dag låg det snø på bakken når eg vakna. No har alt regna vekk, men vart fort erstatta av hagl. Ei kraftig byge med haglkorn så store som erter skylla i ettermiddag inn over øya i havgapet! Vind og regn, snø og hagl... Når ein bor i det ytterste barbari må ein berre seie som Ole Brumm: "Ja takk, begge deler".

mandag, oktober 30, 2006

stillast vatn har djupast grunn

Et filosofisk ordtak høyrer heime på bloggen til ein som les til examen philosophicum... "Stillast vatn har djupast grunn". For å utvide filosoferinga bak valgspråket So much things to say:..Nokre snakkar mykje, andre snakkar lite..
Mi o vise storesøster Kjersti lærte meg dette gamle norske ordtaket. Til ettertanke?!

Mi hærlige lillesøster


Sigrid elsker å kose seg. Her med ein god kopp kaffi. Folkens; dette er verdas hærligaste og skjønnaste lillesøster! Gleder meg til å besøke deg på Lundeneset til helga Sigrid:)

lørdag, oktober 28, 2006

If you can't convince them, confuse them.


Ja, eg er forvirra. Forstår ikkje heilt korleis eg lagar min eigen blog, men prøvar! Ikkje overbevist om at det er så lett som folk seier, men om dette går; Velkommen til Birgitte sin blog!

...Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. På bloggen min blir det rom for alt.

Legg gjerne att ei helsing/kommentar om alt eller ingenting! Don't be a stranger.