fredag, september 26, 2008

Tango og milonga

I Buenos Aires danser vi tango:) Gjennom studiet har vi to tango-lærerar som underviser oss onsdager og torsdager. Nina og Felipe heiter dei. Det er kjekt å lære tango, men ganske krevande. Dansen er meir improvisatorisk enn eg hadde forestilt meg, og vi jobber mykje med å føle kvarandre, og korleis vi skal bevege oss aleine og i forhold til kvarandre. Spennende! Her er nokre bilder frå tango-undervisning og ein film frå folklore-dans på onsdags-milongaen i Calle Peru!

onsdag, september 17, 2008

Estoy bien:)

Dagane går veldig fort, og eg prøver å henge med så godt eg kan! Tida brukar eg på å lære spansk, lese, danse tango/salsa/hiphop, sparke fotball og vere med venner. No har eg akkurat komt heim frå salsatime på universitetet. Det er kjekt å bo i Buenos Aires! På fredag hadde vi ein liten fest her i calle Peru 652. Legg ut nokre festlige bilder:)



søndag, september 07, 2008

Kaldt og mørkt og lite sol...

I går var det ein grå kald regnversdag.. Eg gjekk feil veg då eg kom med t-bana på veg heim frå kampen:) Fekk meg ein liten spasertur i ukjent terreng. Litt skummelt var det, men heldigvis hadde eg på meg Argentinadrakta frå kampen, så dei eg passerte trudde eg var argentinsk, og ikkje turist!! Flaks:) hehe.. Her er to bilder eg tok medan eg spankulerte rundt for å finne vegen heim!

ARGENTINA-PARAGUAY 1-1

I dag var det kamp på Estadio River Plate!! Mange mennesker og mykje liv! Utrulig kult å oppleve ein landskamp her i fotballens "mekka" som lillebror Snorre kalte det:) Paraguay scorte det første målet, men det var ikkje fortjent. I andre omgang gjorde Messi (min helt) eit fantastisk forarbeid til Argentina sitt mål i kampen. Fantastisk opplevelse.


onsdag, september 03, 2008

Sykkel!

Eg har kjøpt meg sykkel! I går var Anette og eg ute og cruisa:) Ho på longboardet sitt og eg på sykkelen min! Puerto Madero (havna) er veldig fin i solnedgang, og vi fekk nokre flotte bilder ved "tango-brua"!