onsdag, mars 31, 2010

Påska, del 1: Sandvika!

Påske! Eg har ferie, og eg likar det! Første del av ferien har det vore fullt hus og eit yrande liv. Besøk frå Asker og Drammen og alle untatt Sigrid var heime på påskeferie. Det er godt å komme seg ut innimellom å få litt frisk luft. Kjersti, Jonas, Inger Elisabeth, tante Aud og eg var ute i sandvika å leika oss på stranda her ein dag. Jonas var veldig modig og sprang omkapp med bølgene :)



torsdag, mars 25, 2010

Hærlig helg med Hærlige Hanne :)

Kva får du viss du legg saman sightseeing i Trondheim, god mat, firhjuling, rosa solbriller, kaffi, power naps, gode samtalar, vin og dansing? Svar: Drømmehelg saman med Hanne, verdens hærligste venninne! Ho var på besøk i helga, og vi opplevde så mykje at det føltes som minst ei veke :) TAKK for besøket.