lørdag, november 12, 2011

ei lita oppdatering!

Blir sjelden tid til blogging.. men no tenkte eg å poste nokre bilder frå den siste månaden! Har opplevd mykje, det går virkelig i ett! I oktober hadde eg først besøk av fine Synnøve ei veke, og seinere besøk av fine Hanna ei veke! Veldig koselig. Forrige helg var Irmelin (som eg bor med) og eg på tur til Sevilla, Calahonda, Marbella og Malaga. Intensiv og veldig kjekk tur! Siste veka var supertravel på skulen, så denne helga tar eg det kuli :) Irmelin og eg spleisa på slackline i dag, og har hengt i parken og trena balanse. Veldig kjekt. No lager vi middag, og seinere er det bad-taste party hos Lisa, ei tysk venninne som også studerer her i Valencia. I morgon håper vi på å få vindsurfe litt, men det kjem an på ver og vind.. Kanskje vi heller tar ein sykkeltur til Albufera, ein innsjø som ligg ca ein times sykkeltur utanfor Valencia. Seinere på kvelden er eg invitert til å bli med ei klassevenninde i ei kirke, etterfulgt av sjokoladefondue.. Gleder meg! :) Vel, det var ei lita oppdatering frå livet i Valencia! Hasta luego!


Irmelin og eg i Calahonda forrige helg!


Hanna på besøk, to huldre frå Norge feira halloween i Valencia :)


Synnøve på besøk, ei hærlig veke med mykje strandliv :)


Flamencoshow på "Cafe del Duende" Flott musikk og dans!


Windsurf!! :) Her øver eg på å finne balansen :)