fredag, desember 08, 2006

Desember, advent og intensiv førjulskos:)

Då er desember godt i gang, og eg for min del har hatt ei veke med intensiv førjulsfeiring her heime, før det ber på "bøljan blå". Julemusikken har stått på frå morgon til kveld..(ja, ok, det var en liten overdrivelse..) Til tross for snømangel, har det likevel vore god adventsstemning i heimen.

Har baka tre forskjellige sortar julekake, hengt opp julegardiner, hjelpt farmor med julevasken og chilla'n max denne veka. I morgon fortsetter eg førjulstida på hurtigruta og ser fram til å feire jul og nyttår der i år. Prøver å overbevise meg sjølv om at det blir bra:) Men det blir nok neppe som ei god jul heime på Godøya. Har laga meg eit nytt slagord: "Come what may, and I'll make the best out of it".
I dag var papsen og eg på sjøen og drog julefisken:) HÆRLEG!! Ny båt og motor gjekk som ei klokke, fisken beit, og veret var strålande. Kan eg be om meir?!


Vakker vinterdag i havgapet!