lørdag, april 17, 2010

OK!



Bilde frå påska når eg fekk vere med fetter Sturla å fridykke! Rått :)

mandag, april 05, 2010

Påska, del 2; akvariet, fridykking og skitur


Jada, sjølv om det har vore rolige dagar denne påska, så har det skjedd noko heile tida. Tur til atlanterhavsparken i Ålesund saman med gode søskenbarn og barn til søskenbarn ;) Sjå www.olgasklan.blogspot.com for bilder og historie frå denne turen. Ein ettermiddag fekk eg vere med fetter Sturla ned i vika å fridykke. Det var ei heilt ny og utrulig stili oppleving. Fekk låne tjukkere våtdrakt enn den eg har sjølv, to våtdrakt-hetter, snorkel, dykkebriller og svømmeføter, og tok turen ut til Karifluda. Såg ein stim med småsei, og ellers mykje fin tare ;) Den siste store opplevinga var skitur saman med mamma, pappa og veslebror Øyvind Snorre på Fjellsetra. Sjå Olgasklan-blogen for bilder frå denne turen også! Det var ein deeeilig dag på langrenn med sol og skikkelig påskeføre (bildet). I dag fekk eg sete på med snille svoger Vegar til Børsa, og skal ta buss til Trondheim om tre kvarter ca.

Det har vore ei GOD påske! På same tid er det GODT å komme tilbake til Trondheim og komme igang med kvardagen att. No skin sola og det er så fiiint!!!

LIVET ER HERLIG <3