lørdag, november 12, 2011

ei lita oppdatering!

Blir sjelden tid til blogging.. men no tenkte eg å poste nokre bilder frå den siste månaden! Har opplevd mykje, det går virkelig i ett! I oktober hadde eg først besøk av fine Synnøve ei veke, og seinere besøk av fine Hanna ei veke! Veldig koselig. Forrige helg var Irmelin (som eg bor med) og eg på tur til Sevilla, Calahonda, Marbella og Malaga. Intensiv og veldig kjekk tur! Siste veka var supertravel på skulen, så denne helga tar eg det kuli :) Irmelin og eg spleisa på slackline i dag, og har hengt i parken og trena balanse. Veldig kjekt. No lager vi middag, og seinere er det bad-taste party hos Lisa, ei tysk venninne som også studerer her i Valencia. I morgon håper vi på å få vindsurfe litt, men det kjem an på ver og vind.. Kanskje vi heller tar ein sykkeltur til Albufera, ein innsjø som ligg ca ein times sykkeltur utanfor Valencia. Seinere på kvelden er eg invitert til å bli med ei klassevenninde i ei kirke, etterfulgt av sjokoladefondue.. Gleder meg! :) Vel, det var ei lita oppdatering frå livet i Valencia! Hasta luego!


Irmelin og eg i Calahonda forrige helg!


Hanna på besøk, to huldre frå Norge feira halloween i Valencia :)


Synnøve på besøk, ei hærlig veke med mykje strandliv :)


Flamencoshow på "Cafe del Duende" Flott musikk og dans!


Windsurf!! :) Her øver eg på å finne balansen :)

onsdag, oktober 12, 2011

Valencia!

Så bur eg plutselig i Valencia! Har begynt på mastergrad i Menneskerettigheter, Fred og Bærekraftig utvikling. Veldig spennende tema for masterstudiet, og eg trivst kjempegodt! All undervisning går på spansk, og det er foreløbig den største utfordringa, men eg har så langt klart å gjennomføre ei muntlig framføring på spansk og ei skriftlig innlevering. Satser på at språkutviklinga vil gå rette vegen og at eg klarer å utrette noko fornuftig i den endelige oppgåva!

Valencia er ei by med utrulig mykje å by på! Denne veka har eg besøk av Synnøve Kopperud, ei god venninne eg blei kjent med i Trondheim for nokre år sidan. Det fine med å ha besøk er at eg blir minna på det som eg har begynt å ta for gitt. Til dømes tenker eg ikkje like mykje over kor deilig temperaturen er, og kor deilig det er å kunne dra på stranda som er berre 10 min unna med sykkel. Sentrum er vakkert. Flotte bygningar, gater og plazaer. Eg har enda ikkje sett ein brøkdel av alt som er å sjå og oppleve her i byen. Bra eg har eit heilt år på meg :) Velkommen på besøk, det anbefalast :)


Ciudad de las Ciencias y las Artes by night. Vakker moderne arkitektur!


Irmelin og eg har byrja på windsurfekurs, kvar søndag framover :)


Klassa mi på universitetet. Artig gjeng!


Venner frå språkskulen "Costa de Valencia". Her brukte vi ein heil dag på L'Hemisferic, Oceanografic og Museo Principe Felipe, eit vitskapsmuseum som blei litt i meste laget den dagen. Får ta det igejn ein annan gong!

søndag, juli 17, 2011

Cubaluba igjen :)

I juni pakka eg sekken og satte meg på flyet! Førsrt til London, der eg hadde en kjempefin dag sammen med snille Eva som har studert der i år. Og så reiste eg frå London til Havana. Etter fire år skulle eg endelig tilbake! Reiste sammen med Mario, og når vi kom fram til Havana så sto Sigrid å venta på oss på flyplassen! Cuba var det samme gamle, og vi hadde tre fantastiske veker saman, med sol, bading, salsa og ferie! Sigrid og Mario reiste etter tre veker, og eg hadde ei veke igjen aleine på Cuba. Den veka oppholdt eg meg for det meste i Havana, men tok også en roadtrip til Trinidad. Reiste tilbake til Norge den 6.juli, og har vore i Oslo og på Sandøya sidan eg kom heim. I dag regner det og er skikkelig grått her på Sandøya. Eg lengtar tilbake til Cuba, har vist bilder til morfar og hører på salsamusikk. Eg skal i alle fall tilbake til Cuba igjen, det er sikkert :)


Sammen med Charanga Habanera på flyplassen. Dei skulle ta samme fly som meg Frå Havana til Madrid :)


En uheldig taxi kræsja med en buss, og det blei stor ståhei..


Capitolio by night!


Sigrid og eg bader på Malecon til stor begeistring for dei cubanske badeløvene!


Lunsj på La Bodeguita del Medio, Ein av Ernest Hemingway sine stambarar i Havana. Deilige tostones, frijoles negro og aroz blanco!! Namnamnam! :) Her er heile gjengen samla; Lisa, Sigrid, Mari og Mario :) (Sigrid budde saman med Lisa og Mari i Buenos Aires)..

Fire magiske veker på cuba gjekk så alt for fort!! Sjå blogen til Sigrid for herlig stemnings-skildring! http://sigridsblog.blogspot.com/2011/07/cuba.html

tirsdag, april 19, 2011

SHOW!

Fredag 8.mars hadde NTNUI-dans stort show på Ricks. Vi var ein gjeng frå salsakurset som danna ei showgruppe og laga ein koreografi til showet! Kjempeartig å vere med på. Her er eit utvalg bilder frå helga :)
Laurdag 9.april blei vi invitert saman med SalsaNor til å opptre på kinopremiære på RIO, og fekk sjå filmen i 3D gratis :) Yey!


lørdag, mars 12, 2011

Latinfest!!!


I helga er det salsa for alle penga her i Trondheim!! Latinfest 2011 går av stabelen, og eg er med. I går var åpningsfesten på Pirsenteret, og i dag har det vore kurs heile dagen med fantastiske instruktørar! No har eg dusja og lagar middag medan eg gjer meg klar til kveldens fest :) Då blir det liveband som spelar til dansen og show av dei eksterne instruktørane som besøker Trondheim denne helga. Eg gleder meg!! I morgon er det nok ein dag med dansekurs på pirsenteret. Ein skal kjenne det på kroppen etter ei slik helg :)

I <3 DANCING

tirsdag, januar 11, 2011

Godt nytt år!

Godt nytt år!
2011 er godt i gang, og det er bra! Eg er tilbake i Trondheim og ser fram til eit nytt semester her og i Børsa.
Nokre bilder frå det nye året:


Eg og mi kjære snøfjøl på Godøyfjellet :)


Søte Laura les blad på den fine benken sin :)


Knusing av pepperkakehuset heime i Leitebakk saman med entusiastane Sigrid og Øyvind Snorre! :) ...fotograf; pappa..