mandag, oktober 19, 2009

Verdens beste morfar!

Eg er så glad for at eg har verdens beste morfar! I helga var eg i Oslo. Kjørte nedover fredag ettermiddag, og kom fram til Hanne seint på kvelden. Då diska ho opp med nydelige vafler, boks-cola og godt selskap. Fredag skulle ho på jobb, så eg tok turen til Merete, Dag-Filip og lille skjønne Vilde laurdag formiddag. Kl 12 gjekk turen vidare til verdens beste morfar! Vi åt winer-brød og drakk kaffi, gjekk ein lang tur i det nydelige haustveret, og morfar laga deilig meksikansk tomatsuppe når vi kom inn att. GOD ettermiddag på Hiltonåsen!






Før vi skulle i bursdagsselskap til Peter kom onkel Dag innom og ordna noko i leiligheten, og så kjørte vi saman til Asker. Eg fulgte etter i retur-bilen som Peter fiksa til meg! :) Det vart ei solid feiring i undelstadvegen, og utan at eg visste det sjølv var eg "overraskelses-gjesten" som ingen visste om :) Artig! Neste dag kjørte Peter meg inn til Oslo, der eg møtte Synnøve. Vi dro til Nobel Fredsprishuset og såg på utstillinga der. FLOTT! Skulle hatt ein heil dag der. Seinare på dagen, når Synnøve hadde dratt på jobb, møtte eg Anette og Eva, Argentina-venninner. KOSELIG!! Så tok eg nattbussen heim til Trondheim i natt, og kom fram kl 06.30 i dag-tidlig. BRA helg!!

1 kommentar:

Ragnhild sa...

Ååå for eit herleg innlegg.
OG for en fantastisk morfar!
Eg gleder meg til helga.
Klem.