søndag, april 26, 2009

Italia på Slow Fish

Sist helg var papsen og eg på Slow Fish messe i Genova, Italia. Genova er ein utrulig sjarmerende havneby nord i Italia. Vi budde på eit hotel i Porto Antico, den gamle havna. På messa var det mykje liv og fullt kjør!!! Over 55000 besøkande på 4 dagar seier vel sitt.. Vi hadde med nesten eit tonn med klippfisk, og vart utsolgt på 3 dagar! Den siste dagen sto vi på standen utan noko å selge, då vart det mange skuffa italienarar.. Her er nokre bilder:
Hotel Acquario i Genovas trange gater

Monumentet i havna var stort, flott og ruvande!

Pappa på standen. Her "budde" vi iløpet av dagane denne helga.

Italienarar var ville etter klippfisk frå Norge!! Wæcko:)

Våre gode venner frå Cornwall sto på standen ved sida av og solgte østers! God stemning og godt naboskap:)

1 kommentar:

Ragnhild sa...

Så kjekt å sjå og lese om dagane i Genova! Får ta med ENDA meir fisk neste gang da ;)