torsdag, mars 01, 2012

sola skin!!!

I dage er det 1. mars, akkurat ein månad sidan sist innlegg! Det har begynt å bli varmare i lufta, og sola skin så og sei kvar dag. Me like :) I dag er det torsdag og eg har vore på språkskulen, slik som eg er kvar tirsdag og torsdag formiddag. Må begynne å pugge gramatikken som vi skal kunne til eksamen den 27.mars.

Vel, dagane går, og eg må innimellom stoppe opp å tenke, "hey-eg bor i Valencia!". Rart korleis vi venner oss til ting. Eg har hørt det er sagt at mennesket er det mest tilpasningsdyktige "dyret" på jord. Det ligg noko i det!

På universitetet går det bra, vi har begynt spesialiseringsklassene no, så klassa er delt i undervisninga, men vi besøker kvarandre i pausene :) På fredag skal vi ut å ete middag saman, det blir kjekt. Eg har bytta veileder, til ein som har mykje meir å gjere med mitt tema for masteroppgåva, så det blir bra trur eg! For den som er interessert så skal eg skrive om matsikkerhet: retten til sunn mat og retten til berekraftig utvikling. Synes det er eit spennende og svært aktuelt tema.

Tenkte eg skulle laste opp nokre bilder frå februar til slutt. Ser fram til å finne ut kva mars har å by på :) Hasta luego!


Picnic på Katrin sin bursdag saman med Nicky frå Austerrike som går i klassa vår!


Middag på Katrin sin bursdag, Lasagne til hovudrett og sjokkokladdekake til dessert. Frå venstre: Meg, Nicky, Katrin, Kamel og Carlos.


Picnic den 25 febr saman med norske, svenske, tyske, italienske, spanske og tsjekkiske venner :) God mat og slakkline!


Valencia Fashion Week :) Eg var på to fashion-show, forøvrig dei første i mitt liv!


Prosjekt med Amnesty Inernational i Valencia. Los superdefensores de los derechos humanos. Her er crewet! Bra gjeng :)

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Kjempeartig å lese og sjå bilete frå livet ditt der! Vi er på Godøya no og gleder oss til du kjem!

Ragnhild sa...

Kjempeartig å lese og sjå bilete frå livet ditt der! Vi er på Godøya no og gleder oss til du kjem!