onsdag, mai 23, 2012

Update!

Så var vi allereie i slutten av mai! Er vel på tide med en liten update igjen da.. :) Kvar skal eg begynne? Eg var heime på Godøya i overgangen april-mai. Då feira vi 90-års dagen til flotte farmor! Det var gode dagar med familie og vennar! Når eg reiste tilbake til Valencia blei Merete med meg frå Oslo.
Vi hadde fire kjekke dagar ilag i Valencia. Sykkeltur til Albufera, shopping, tapas, strandliv, paella og salsa! Søndag 6. mai kom Bianka og Osmel på besøk. Det er to som eg blei kjent med på Cuba i sommer. Bianka er tysk men bur i Danmark. Osmel er cubansk, kjærest med Bianka, og var på besøk hos henne i Danmark i tre månader. Dei tok seg ei veke ferie i Frankrike og Spania. På turen kom dei også til Valencia eit par dagar. Eg arrangerte salsaundervisning her i leiligheten, sidan Osmel er profesjonell danser og salsalærer. Vi hadde to veldig koselige kveldar med salsa, god mat og mykje moro!
God middag i godt selskap.
Osmel og eg danser salsa i leiligheten! Sååå kjekt!!!!!! :) Etter at besøket hadde reist blei det nokre rolige dagar med mykje studering. Eg var også ein dag på El Saler og windsurfa! Forrige veke var siste veke med undervisning, så no er det berre practicas som står igjen, og så masteroppgåva da! Eg er veldig fornøgd med praksisplassen min. Eg har praksis i butikken til Intermón Oxfam.
På bildet står eg saman med Patricia som er veilederen min i praksisen, og ei anna frivillig arbeider i Intermón Oxfam. Intermón Oxfam er ein NGO som driv mykje forskjellig arbeid, men her i Valencia er hovudsetet for rettferdig handel. Denne veka er eg på hovudkontoret som ligg utanfor byen. Eg er ein dag med kvar avdeling, marketing, salg, administrasjon og logistikk, og har lært kjempemykje!! I morgon er siste dagen på kontoret. Resten av praksisen skal eg utføre i butikken som ligg 5 min å gå heimanfrå, så det er heilt perfekt!
Til slutt eit bilde av meg og min søte sambuar Katrin!! :) I dag og i morgon skal eg ha norsk-undervisning. Og i morgon har eg munnlig eksamen i spansk, og på fredag er den skriftlige delen. Det er DELE eksamen B2 som eg har meldt meg opp til. Det blir tre hektiske dagar før eg drar til laurdag på Alicante for å møte Kjersti, Margaret, mamma og pappa! Dei kjem på besøk ei veke, etterfulgt av Sigrid i 10 dagar, og Ragnhild, Vegar, Laura og Solveig til slutt eit par veker i juni! Juni blir den store besøk-månaden! Eg gler meg!! :) No får eg ta til på dagens plikter! Hasta luego :)

1 kommentar:

Nina sa...

Lykke til med eksamnene!
Kjæresten har sagt seg villig til å lære salsa, så nå kan det hende jeg får danset litt jeg også! :D