onsdag, februar 01, 2012

Det nye året er i gang!

Hei igjen! Det er første februar i 2012, og eg har enda ikkje blogga i år! Det betyr vel at dagane er fulle og livet er bra?! Ja, det gjer det faktisk! Etter ein god juleferie heime kom eg tilbake til Valencia den 8.januar saman med Sigrid som skulle besøke meg ei veke. Vi KOOOOSA oss masse, og hadde nokre veldig kjekke dagar og kveldar saman! Det er kjekt å ha besøk i Valencia, for her er så mykje å finne på. Mamma og pappa kjem på besøk i slutten av mai, det blir stas!

Skulen begynte på igjen den 9. januar, både universitetet og språkskulen, så eg kom fort inn i kvardagen att. Det går stadig betre å følge undervisninga på spansk, og på språkskulen går det sakte men sikkert framover.

Medan Sigrid var på besøk flytta eg til ny leilighet, og bur no saman med Katrin som er frå tyskland og Kamel som er frå Frankrike. Eg trivst veldig godt i den nye leiligheten sjølv om eg saknar Irmelin og Cardenal Benlloch der eg budde før. Dagane går med til skule, lesing, surfing på internet, trening, eting, sosiale samankomster med gode venner, salsadansing og anna moro. I forrige veke var eg på Musical saman med tre norske venninner. Det var skikkelig show frå start til slutt, utrulig artig!! I morgonkveld skal eg på eit foredrag i ein by utanfor Valencia som heiter Alcoy saman med nokon andre i klassa, for å høre på ein som skal snakke om Økonomi av Felles Goder. Det er ein ny teori som er utvikla som eit alternativ til eller som eit forslag til endring på den kapitalistiske økonomien som råder i dag. Blir spennende og interessant å høre og lære meir om det!

No er klokka 15, og skulen begynner kl 16, så eg må vel begynne å gjere meg klar. Stay tuned, eg skal prøve å oppdatere med jevne mellomrom her på bloggen min! :) Hasta luego!





Ingen kommentarer: