Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. Dei som snakkar om ingenting er ofte dei som snakkar mest. Eg veit ikkje kva eg gjer. Trur det kjem an på situasjonen. Sometimes I do, sometimes I don't have; So much things to say...
torsdag, desember 25, 2008
El ultimo arbol en la selva..
I år blei det berre vi i nedre som henta juletre i skogen. Lillejulafta, tradisjonen tru, sette vi avgårde opp i skogen for å hogge årets juletre. Vi gjekk langt og lenger enn langt, og då vi om sider kom fram til onkel-Petter sitt stykke forsvann vi inn mellom dei høge og tettgrodde trea. Den første furua vi fann var den beste, og vi fastslo at det er skogens siste juletre. Så neste år må vi finne på noko anna lurt. No er treet pynta og står så fint i stua, og med inspirasjon frå "Juletre fra skogen" hang Øyvind på navneskiltet: "skogens siste"...



Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar