tirsdag, desember 02, 2008

Bariloche!!

Eg gløymde å legge ut bilder frå Bariloche. Eg var der for ei veke sidan omtrent. Det var utrulig flott. Naturen var veldig lik Norge, så vi følte oss som heime:) Den eine dagen tok vi turen til Cerro Campanario og såg på utsikta. Og så gjekk vi nesten ei mil for å sjå på Hotel Llao Llao. Det er det mest luksuriøse hotellet eg har sett nokon gong. Det dyraste rommet var rundt 20000 NOK per natt. Kjendisar som Shakira og Tommy Lee Jones har budd der. Vi fekk så vidt lov å komme inn ein tur i lobbyen, og til slutt fekk vi sitte ved eit lite bord i eit hjørne og bestilte ein kaffi. Servitøren var i godhjørnet og viste oss litt rundt på hotellet, og fortalte litt om historia. Ellers så er Bariloche kjent for sjokolade, så det blei nokre turar innom sjokoladebutikken også:

Hotel Llao Llao:

Utsikta frå Cerro Campanario:

Examen....

Vi har eksamen som skal leverast inn på fredag, så no blir det ikkje fleire innlegg før den tid! Er forresten i Valparaiso, Chile, i skrivende stund.

Ingen kommentarer: