So much things to say!
Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. Dei som snakkar om ingenting er ofte dei som snakkar mest. Eg veit ikkje kva eg gjer. Trur det kjem an på situasjonen. Sometimes I do, sometimes I don't have; So much things to say...
søndag, juli 01, 2012
HEIA SPANIA! ANIMO ESPAÑA!
Finale i fotball-EM, Spania mot Italia. Eg skal på spansk bar her i Valencia og sjå kampen. Gleder meg! Har tatt på meg spaniaskjorta mi og er veldig spent! Håper Spania vinn!!!!!!!!!!!!!!HEIAHEIAHEIA!!!!
Eg vil sjå slike bilder i kveld! :)
tirsdag, juni 19, 2012
BESØK!
Juni har vore den store månaden for besøk! Det begynte den 26.mai når Kjersti, Margaret, mamma og pappa kom flygande.
Vi overnatta først ei natt i Alicante og hadde ein trivelig dag der før vi sette oss på toget til Valencia. Her i Valencia hadde vi fem flotte, gode, innhaldsrike dagar.
Vi kosa oss max både med sightseeing, god mat, god drikke, strandliv og kvarandre.
Når K+M+M+P reiste blei det veldig tomt og stille i leiligheten. Men då var det godt å tenke på at neste dag skulle Sigrid komme! Søndag 3.juni kom ho med Ryanair direkte til Valencia. Ho hadde knapt sove det siste døgnet før ho kom, men var likevel med ut på salsakveld. Det kaller eg sporty! :)
Sigrid er her enda og vi har hatt over to veldig gode veker saman i Valencia. Den 10. juni kom også storesøster Ragnhild med familie på besøk.
Ragnhild, Vegar, Laura og Solveig blir her til den 24.juni, Sigrid reiser allereie i morgon, den 20.juni. Det blir rart og trist. Vi har kosa oss så mykje ilag. Det er kjekt å ha besøk!
onsdag, mai 23, 2012
Update!
Så var vi allereie i slutten av mai! Er vel på tide med en liten update igjen da.. :) Kvar skal eg begynne? Eg var heime på Godøya i overgangen april-mai. Då feira vi 90-års dagen til flotte farmor! Det var gode dagar med familie og vennar! Når eg reiste tilbake til Valencia blei Merete med meg frå Oslo.
Vi hadde fire kjekke dagar ilag i Valencia. Sykkeltur til Albufera, shopping, tapas, strandliv, paella og salsa! Søndag 6. mai kom Bianka og Osmel på besøk. Det er to som eg blei kjent med på Cuba i sommer. Bianka er tysk men bur i Danmark. Osmel er cubansk, kjærest med Bianka, og var på besøk hos henne i Danmark i tre månader. Dei tok seg ei veke ferie i Frankrike og Spania. På turen kom dei også til Valencia eit par dagar. Eg arrangerte salsaundervisning her i leiligheten, sidan Osmel er profesjonell danser og salsalærer. Vi hadde to veldig koselige kveldar med salsa, god mat og mykje moro!
God middag i godt selskap.
Osmel og eg danser salsa i leiligheten! Sååå kjekt!!!!!! :)
Etter at besøket hadde reist blei det nokre rolige dagar med mykje studering. Eg var også ein dag på El Saler og windsurfa! Forrige veke var siste veke med undervisning, så no er det berre practicas som står igjen, og så masteroppgåva da! Eg er veldig fornøgd med praksisplassen min. Eg har praksis i butikken til Intermón Oxfam.
På bildet står eg saman med Patricia som er veilederen min i praksisen, og ei anna frivillig arbeider i Intermón Oxfam.
Intermón Oxfam er ein NGO som driv mykje forskjellig arbeid, men her i Valencia er hovudsetet for rettferdig handel. Denne veka er eg på hovudkontoret som ligg utanfor byen. Eg er ein dag med kvar avdeling, marketing, salg, administrasjon og logistikk, og har lært kjempemykje!! I morgon er siste dagen på kontoret. Resten av praksisen skal eg utføre i butikken som ligg 5 min å gå heimanfrå, så det er heilt perfekt!
Til slutt eit bilde av meg og min søte sambuar Katrin!! :)
I dag og i morgon skal eg ha norsk-undervisning. Og i morgon har eg munnlig eksamen i spansk, og på fredag er den skriftlige delen. Det er DELE eksamen B2 som eg har meldt meg opp til. Det blir tre hektiske dagar før eg drar til laurdag på Alicante for å møte Kjersti, Margaret, mamma og pappa! Dei kjem på besøk ei veke, etterfulgt av Sigrid i 10 dagar, og Ragnhild, Vegar, Laura og Solveig til slutt eit par veker i juni! Juni blir den store besøk-månaden! Eg gler meg!! :)
No får eg ta til på dagens plikter! Hasta luego :)
torsdag, mars 01, 2012
sola skin!!!
I dage er det 1. mars, akkurat ein månad sidan sist innlegg! Det har begynt å bli varmare i lufta, og sola skin så og sei kvar dag. Me like :) I dag er det torsdag og eg har vore på språkskulen, slik som eg er kvar tirsdag og torsdag formiddag. Må begynne å pugge gramatikken som vi skal kunne til eksamen den 27.mars.
Vel, dagane går, og eg må innimellom stoppe opp å tenke, "hey-eg bor i Valencia!". Rart korleis vi venner oss til ting. Eg har hørt det er sagt at mennesket er det mest tilpasningsdyktige "dyret" på jord. Det ligg noko i det!
På universitetet går det bra, vi har begynt spesialiseringsklassene no, så klassa er delt i undervisninga, men vi besøker kvarandre i pausene :) På fredag skal vi ut å ete middag saman, det blir kjekt. Eg har bytta veileder, til ein som har mykje meir å gjere med mitt tema for masteroppgåva, så det blir bra trur eg! For den som er interessert så skal eg skrive om matsikkerhet: retten til sunn mat og retten til berekraftig utvikling. Synes det er eit spennende og svært aktuelt tema.
Tenkte eg skulle laste opp nokre bilder frå februar til slutt. Ser fram til å finne ut kva mars har å by på :) Hasta luego!
Picnic på Katrin sin bursdag saman med Nicky frå Austerrike som går i klassa vår!
Middag på Katrin sin bursdag, Lasagne til hovudrett og sjokkokladdekake til dessert. Frå venstre: Meg, Nicky, Katrin, Kamel og Carlos.
Picnic den 25 febr saman med norske, svenske, tyske, italienske, spanske og tsjekkiske venner :) God mat og slakkline!
Valencia Fashion Week :) Eg var på to fashion-show, forøvrig dei første i mitt liv!
Prosjekt med Amnesty Inernational i Valencia. Los superdefensores de los derechos humanos. Her er crewet! Bra gjeng :)

onsdag, februar 01, 2012
Det nye året er i gang!
Hei igjen! Det er første februar i 2012, og eg har enda ikkje blogga i år! Det betyr vel at dagane er fulle og livet er bra?! Ja, det gjer det faktisk! Etter ein god juleferie heime kom eg tilbake til Valencia den 8.januar saman med Sigrid som skulle besøke meg ei veke. Vi KOOOOSA oss masse, og hadde nokre veldig kjekke dagar og kveldar saman! Det er kjekt å ha besøk i Valencia, for her er så mykje å finne på. Mamma og pappa kjem på besøk i slutten av mai, det blir stas!
Skulen begynte på igjen den 9. januar, både universitetet og språkskulen, så eg kom fort inn i kvardagen att. Det går stadig betre å følge undervisninga på spansk, og på språkskulen går det sakte men sikkert framover.
Medan Sigrid var på besøk flytta eg til ny leilighet, og bur no saman med Katrin som er frå tyskland og Kamel som er frå Frankrike. Eg trivst veldig godt i den nye leiligheten sjølv om eg saknar Irmelin og Cardenal Benlloch der eg budde før. Dagane går med til skule, lesing, surfing på internet, trening, eting, sosiale samankomster med gode venner, salsadansing og anna moro. I forrige veke var eg på Musical saman med tre norske venninner. Det var skikkelig show frå start til slutt, utrulig artig!! I morgonkveld skal eg på eit foredrag i ein by utanfor Valencia som heiter Alcoy saman med nokon andre i klassa, for å høre på ein som skal snakke om Økonomi av Felles Goder. Det er ein ny teori som er utvikla som eit alternativ til eller som eit forslag til endring på den kapitalistiske økonomien som råder i dag. Blir spennende og interessant å høre og lære meir om det!
No er klokka 15, og skulen begynner kl 16, så eg må vel begynne å gjere meg klar. Stay tuned, eg skal prøve å oppdatere med jevne mellomrom her på bloggen min! :) Hasta luego!

Abonner på:
Innlegg (Atom)