torsdag, oktober 28, 2010

ITALIA

I helga var Sigrid, pappa og eg i Torino i Italia på matmesse arrangert av Slow Food. Fantastisk oppleving. 150 000 besøkande på messa og fantastisk mange trivelige messedeltakarar. Vi storkosa oss og solgte klippfisk til den store gullmedalje! :) Gode menneske frå heile verda, og då meiner eg verkeleg alle verdshjørner, var samla under same tak. Alle arbeida saman, åt saman og flira saman. Ord eller bilder kan ikkje beskrive det. Det var ei draumeverd!



onsdag, september 22, 2010

25 år!



Hurra for meg som fyller mitt år! Klokka er 11 og veggen min på facebook er allerede full av bursdagshelsingar! Så heldig eg er som har gode venner å vere glad i! Tusen takk alle sammen!! Det er kjekt å ha bursdag, særlig når verdas beste tantebarn Laura og verdas beste storesøster Ragnhild kjem inn på rommet og vekker meg med bursdagssang, kake med lys på og gåver på senga!! Og ikkje nok med det, for verdas like beste storesøster Kjersti og verdas beste nyaste svoger Harald var med på telefon og sang :) Takk for ein fantastisk start på bursdagen, eg er så glad!

fredag, september 10, 2010

Mykje nytt!

Hei igjen! Det blir lenge mellom postane på bloggen, men eg er litt usikker på kor mange som les det uansett, sidan ingen legg igjen kommentarar.. hint; legg gjerne igjen ein kommentar viss du er innom! No sit eg på mitt nye rom som eg deler med Sigrid - mi nydelige søster! Vi har flytta den siste veka, og har endelig fått orden i alle tinga vi hadde med i flyttelasset. Hausten er i gang, og det er ein litt annleis haus eg tar fatt på i år. Er dagmamma for skjønne Laura to til tre dagar i veka, og student ved NTNU (sosialantropologi) ved sida av. Ser fram mot ein haust med mykje kos, moro og aktivitet. Bilder kjem i neste post. No skal eg danse T A N G O :) Hærlige fredagskveld, eg likar deg!

søndag, august 15, 2010

Deilig sommer!

Bilder frå sørlandet og nordvestlandet! Deilig med ferie :)





tirsdag, juli 06, 2010

Vakker natur!

Skjervøy er omringa av mykje vakker natur. Eg har utforska den litt på eiga hand og litt saman med andre. Kameraet er sjølvsagt med, og eg legg ut favorittmotiva så langt:

På veg opp til Kågtind


På toppen, 1225 m.o.h.


Utsikt over Sørøya, heilt bakerst, og Loppa øy nest bakerst:


Utsikt over Skjervøy frå Kågtind


Kvænangstindane


Utsikt frå antenna på Skjervøy.