Hurra for meg som fyller mitt år! Klokka er 11 og veggen min på facebook er allerede full av bursdagshelsingar! Så heldig eg er som har gode venner å vere glad i! Tusen takk alle sammen!! Det er kjekt å ha bursdag, særlig når verdas beste tantebarn Laura og verdas beste storesøster Ragnhild kjem inn på rommet og vekker meg med bursdagssang, kake med lys på og gåver på senga!! Og ikkje nok med det, for verdas like beste storesøster Kjersti og verdas beste nyaste svoger Harald var med på telefon og sang :) Takk for ein fantastisk start på bursdagen, eg er så glad!
Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. Dei som snakkar om ingenting er ofte dei som snakkar mest. Eg veit ikkje kva eg gjer. Trur det kjem an på situasjonen. Sometimes I do, sometimes I don't have; So much things to say...
onsdag, september 22, 2010
25 år!
Hurra for meg som fyller mitt år! Klokka er 11 og veggen min på facebook er allerede full av bursdagshelsingar! Så heldig eg er som har gode venner å vere glad i! Tusen takk alle sammen!! Det er kjekt å ha bursdag, særlig når verdas beste tantebarn Laura og verdas beste storesøster Ragnhild kjem inn på rommet og vekker meg med bursdagssang, kake med lys på og gåver på senga!! Og ikkje nok med det, for verdas like beste storesøster Kjersti og verdas beste nyaste svoger Harald var med på telefon og sang :) Takk for ein fantastisk start på bursdagen, eg er så glad!
fredag, september 10, 2010
Mykje nytt!
Hei igjen! Det blir lenge mellom postane på bloggen, men eg er litt usikker på kor mange som les det uansett, sidan ingen legg igjen kommentarar.. hint; legg gjerne igjen ein kommentar viss du er innom! No sit eg på mitt nye rom som eg deler med Sigrid - mi nydelige søster! Vi har flytta den siste veka, og har endelig fått orden i alle tinga vi hadde med i flyttelasset. Hausten er i gang, og det er ein litt annleis haus eg tar fatt på i år. Er dagmamma for skjønne Laura to til tre dagar i veka, og student ved NTNU (sosialantropologi) ved sida av. Ser fram mot ein haust med mykje kos, moro og aktivitet. Bilder kjem i neste post. No skal eg danse T A N G O :) Hærlige fredagskveld, eg likar deg!
søndag, august 15, 2010
tirsdag, juli 06, 2010
Vakker natur!
Skjervøy er omringa av mykje vakker natur. Eg har utforska den litt på eiga hand og litt saman med andre. Kameraet er sjølvsagt med, og eg legg ut favorittmotiva så langt:
På veg opp til Kågtind

På toppen, 1225 m.o.h.

Utsikt over Sørøya, heilt bakerst, og Loppa øy nest bakerst:

Utsikt over Skjervøy frå Kågtind

Kvænangstindane

Utsikt frå antenna på Skjervøy.
På veg opp til Kågtind
På toppen, 1225 m.o.h.
Utsikt over Sørøya, heilt bakerst, og Loppa øy nest bakerst:
Utsikt over Skjervøy frå Kågtind
Kvænangstindane
Utsikt frå antenna på Skjervøy.
onsdag, juni 30, 2010
Sommer i Nordnorge!
I år starta eg ferien i Nordnorge! Først reiste eg på tur til Akkarfjord på Sørøya saman med Øytunvenner nokre dagar, og i helga var vi på 5-års jubileum på Øytun fhs i Alta. Fantastiske dagar i Finmark med varierande turver og flotte mennesker.

Søndagen tok eg bussen til Skjervøy og har vore her i tre dagar no. Jobber saman med pappa på Skjervøy Sjømat og går kveldsturar i den vakre naturen på Skjervøya. Legg ut nokre bilder og lar dei tale for seg!

Anbefaler Nordnorge til alle som ikkje veit kvar dei skal i ferien enda. I love it!

Abonner på:
Innlegg (Atom)