Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. Dei som snakkar om ingenting er ofte dei som snakkar mest. Eg veit ikkje kva eg gjer. Trur det kjem an på situasjonen. Sometimes I do, sometimes I don't have; So much things to say...
onsdag, mars 31, 2010
Påska, del 1: Sandvika!
Påske! Eg har ferie, og eg likar det! Første del av ferien har det vore fullt hus og eit yrande liv. Besøk frå Asker og Drammen og alle untatt Sigrid var heime på påskeferie. Det er godt å komme seg ut innimellom å få litt frisk luft. Kjersti, Jonas, Inger Elisabeth, tante Aud og eg var ute i sandvika å leika oss på stranda her ein dag. Jonas var veldig modig og sprang omkapp med bølgene :)

torsdag, mars 25, 2010
Hærlig helg med Hærlige Hanne :)
Kva får du viss du legg saman sightseeing i Trondheim, god mat, firhjuling, rosa solbriller, kaffi, power naps, gode samtalar, vin og dansing? Svar: Drømmehelg saman med Hanne, verdens hærligste venninne! Ho var på besøk i helga, og vi opplevde så mykje at det føltes som minst ei veke :) TAKK for besøket.

tirsdag, februar 16, 2010
eit tilbakeblikk
Eg skal ikkje gå så langt tilbake i tid, berre eit par veker. Sigrid var i Trondheim nokre dagar før ho reiste til Nicaragua. Det var så koselig. Ragnhild, Vegar og Laura var her på middag og kaffikos, og vi hadde invitert vennar av Sigrid til swing- og buzzkveld. Det var så kjekt! Her er nokre bilder :) Eg tenker mykje på Sigrid som er i Nicaragua! Sjekk bloggen hennar for oppdatering frå livet i Nicaragua: Sigrids blogg

Sigrid koser med Laura <3

Kos i sofaen. mmmm..

Sigrid og Synnøve testar dansegolvet :)

God stemning i sofaen!
Sigrid koser med Laura <3
Kos i sofaen. mmmm..
Sigrid og Synnøve testar dansegolvet :)
God stemning i sofaen!
tirsdag, februar 09, 2010
Regional Etnografi; Latin Amerika og Karibia.

I går såg eg filmen "La Vida Loca" som er ein del av undervisinga i dette faget. Det var ein dokumentar-aktig film om gjeng-miljø i El Salvador. Filmen viste godt ein brutal virkelighet, sørgelige framtidsutsikter og den evige maktkampen mellom autoritet vs innbyggjarane i landet. Solidaritet, konspirasjonar og hevnlyst var den regjerande mentaliteten til medlemane i gjengen 18 (dieciocho). Eg anbefaler filmen til dei som er interessert i å få eit innblikk i desse menneska sin virkelighet. Det høyrer med til historia her at ressigøren av filmen levde saman med gjengmedlemmane medan han laga filmen. Så reiste han bort for å lansere filmen. Etter lanseringa reiste han tilbake til El Salvador og oppsøkte gjengen 18, og vart drept.
Det er sjølvsagt ikkje berre slike historier å finne i Latin-Amerika og Kariba, men vi fokuserer lett på det negative, det som ikkje er bra, og vi tenker stakkars mennesker som må leve slik. I dette faget lærer vi om kjønnsroller, samfunnsorganisering, historie, geografi, nasjonalisme, globalisering, kultur og språk i Latin-Amerika og Karibia.
Det er spesielt! Og veldig interessant :)
torsdag, februar 04, 2010
God tur Sigrid!!!
I morgon flyg Sigrid avgårde på eventyr! Eg trur og håper det blir eit fantastisk eventyr. Det ser i allefall ikkje så verst ut på bilete:

Spansk og latinamerika studier er spennande og nyttig. Å vere til stades i eit latinamerikansk samfunn medan ein studerer det, må vere den beste måten. Lykke til med studier Sigrid!
Sjølv tar eg eit fag på NTNU som heiter "Regional etnografi; Latin Amerika og Karibia", og det er fryktelig spennende. Kan komme tilbake med litt utfyllande informasjon om kva det handlar om i eit anna innlegg...
Dette innlegget handlar om Sigrid som reiser til Nicaragua, og det synes eg er utrulig stilig! Har funne eit kart som syner Nicaragua si geografiske plassering, og flagget, ved første augekast svært likt det argentinske flagget..

GOD TUR Sigrid! Kos deg på stranda, i sola, på skulen og på tur i Latin Amerika og USA!! Eg gled meg til å høre frå turen allereie :) Veldig glad i deg!!

Abonner på:
Innlegg (Atom)