tirsdag, februar 09, 2010

Regional Etnografi; Latin Amerika og Karibia.



I går såg eg filmen "La Vida Loca" som er ein del av undervisinga i dette faget. Det var ein dokumentar-aktig film om gjeng-miljø i El Salvador. Filmen viste godt ein brutal virkelighet, sørgelige framtidsutsikter og den evige maktkampen mellom autoritet vs innbyggjarane i landet. Solidaritet, konspirasjonar og hevnlyst var den regjerande mentaliteten til medlemane i gjengen 18 (dieciocho). Eg anbefaler filmen til dei som er interessert i å få eit innblikk i desse menneska sin virkelighet. Det høyrer med til historia her at ressigøren av filmen levde saman med gjengmedlemmane medan han laga filmen. Så reiste han bort for å lansere filmen. Etter lanseringa reiste han tilbake til El Salvador og oppsøkte gjengen 18, og vart drept.

Det er sjølvsagt ikkje berre slike historier å finne i Latin-Amerika og Kariba, men vi fokuserer lett på det negative, det som ikkje er bra, og vi tenker stakkars mennesker som må leve slik. I dette faget lærer vi om kjønnsroller, samfunnsorganisering, historie, geografi, nasjonalisme, globalisering, kultur og språk i Latin-Amerika og Karibia.

Det er spesielt! Og veldig interessant :)

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Den må eg låne og sjå!
Artig med filmanbefaling.. sjølv om det ikkje virka som ein feel-good-film.
Håper du er frisk og rask igjen.
Kjekt å ha deg her på søndag sjølv om du var Slappesen :)

Birgitte sa...

Når eg såg filmen hadde eg forventa ein spele-film, men det var mykje meir dokumentar-aktig, så omtalen min ber kanskje litt preg av at eg ikkje fekk det eg hadde forventa. Men den syner eit usminka bilete av gjengmiljøet i El Salvador. Det står respekt av å tørre å lage ein slik film.

Det var fantastisk å vere hos dåkke på søndag. Akkurat det eg trengte. Eg var kanskje ikkje så godt selskap akkurat.. hehe.. sov vel det meste av tida?! Eg er iallefall oppegående no. Enda litt slapp, men var på skulen både i går og i dag. :)