torsdag, februar 04, 2010

God tur Sigrid!!!

I morgon flyg Sigrid avgårde på eventyr! Eg trur og håper det blir eit fantastisk eventyr. Det ser i allefall ikkje så verst ut på bilete:



Spansk og latinamerika studier er spennande og nyttig. Å vere til stades i eit latinamerikansk samfunn medan ein studerer det, må vere den beste måten. Lykke til med studier Sigrid!
Sjølv tar eg eit fag på NTNU som heiter "Regional etnografi; Latin Amerika og Karibia", og det er fryktelig spennende. Kan komme tilbake med litt utfyllande informasjon om kva det handlar om i eit anna innlegg...
Dette innlegget handlar om Sigrid som reiser til Nicaragua, og det synes eg er utrulig stilig! Har funne eit kart som syner Nicaragua si geografiske plassering, og flagget, ved første augekast svært likt det argentinske flagget..




GOD TUR Sigrid! Kos deg på stranda, i sola, på skulen og på tur i Latin Amerika og USA!! Eg gled meg til å høre frå turen allereie :) Veldig glad i deg!!

mandag, januar 11, 2010

Full fart nedover! Diggh!

Nydelig vinterføre på Godøya innbyr til moro i fjellsida. Her er tre blinkskudd frå ein av turane på egga.


Sigrid i farta!!!


Øyvind satsar alt! :)


Birgitte kjører "laid-back" hehe..

lørdag, januar 02, 2010

Godt nytt år! off-piste på Godøyfjellet!

God nytt år! På den andre dagen i 2010 har vi kjørt off-piste på Godøya! Veldig kjekt :) Harald, Sigrid, Øyvind og eg var oppe i sida i nydelig vinter sol og mykje god snø :) Herrrlig!! I går kveld kom Sigrid og eg heim frå Explore-leir på Lillehammer. Fem fantastiske dagar og ei flott nyttårsfeiring! No blir det nokre rolige dagar på Godøya før eg tar turen til Trondheim att for å studere vidare.

søndag, desember 06, 2009

eksamen..



Stemningsrapport kl 21.00 kvelden før eksamen i Sosial organisasjon og identitetsdannelse. Hører på Sloveig Slettahjell som syng Take it with me. (Sjekk ut www.ragnhildogvegar.wordpress.com for å høre denne nydelige sangen) Med gitaren stødig bak meg, god rødvin på pulten i tillegg til yerba mate, eit grovt rundstykke med brunost, saft, kaffi og litt notater foran meg har eg det rett så koselig. Er akkurat ferdig med artikkel-kompendiet, og skal pugge litt no før leggetid kl 23.

I den eine vinduskarmen har eg to adventslys, det er jo 2.søndag i advent! I det andre vindauget heng to pepperkakehjerter for å skape litt julestemning. Innimellom set eg på litt god julemusikk for å skape ekstra god stemning. Til tross for at eg føler at ingenting av det eg les vil feste seg til hjernebarken, så held eg motet oppe med desse førjul-koselige innslaga!

God kveld frå meg!

onsdag, desember 02, 2009

FRANKRIKE!

Torsdag reiste pappa og eg til Frankrike :) Første gang for begge to! Vi flaug Ålesund-Oslo-Paris, og tok tog til Tours som ligg ca to timar sør fofr Paris. Fredag kom Kjersti også, og mannskapet var klare til Euro Gusto 2009! Euro Gusto er ei matmesse som arrangerast av Slow Food som pappa og tre andre klippfisktilvirkarar er medlem av. Vi sto på stand frå kl. 10-22 fredag til søndag, og solgte bacalao-smaksprøver og klippfisk til den store gullmedalje! Kjersti fekk virkelig friska opp att fransken, og pappa var slett ikkje verst han heller.. Eg blei veldig god på å late som eg forstod fransk, trur eg greidde å smile og le når det var forventa, men skjønte lite. Veldig kjekk tur, eit minne for livet!