onsdag, oktober 12, 2011

Valencia!

Så bur eg plutselig i Valencia! Har begynt på mastergrad i Menneskerettigheter, Fred og Bærekraftig utvikling. Veldig spennende tema for masterstudiet, og eg trivst kjempegodt! All undervisning går på spansk, og det er foreløbig den største utfordringa, men eg har så langt klart å gjennomføre ei muntlig framføring på spansk og ei skriftlig innlevering. Satser på at språkutviklinga vil gå rette vegen og at eg klarer å utrette noko fornuftig i den endelige oppgåva!

Valencia er ei by med utrulig mykje å by på! Denne veka har eg besøk av Synnøve Kopperud, ei god venninne eg blei kjent med i Trondheim for nokre år sidan. Det fine med å ha besøk er at eg blir minna på det som eg har begynt å ta for gitt. Til dømes tenker eg ikkje like mykje over kor deilig temperaturen er, og kor deilig det er å kunne dra på stranda som er berre 10 min unna med sykkel. Sentrum er vakkert. Flotte bygningar, gater og plazaer. Eg har enda ikkje sett ein brøkdel av alt som er å sjå og oppleve her i byen. Bra eg har eit heilt år på meg :) Velkommen på besøk, det anbefalast :)


Ciudad de las Ciencias y las Artes by night. Vakker moderne arkitektur!


Irmelin og eg har byrja på windsurfekurs, kvar søndag framover :)


Klassa mi på universitetet. Artig gjeng!


Venner frå språkskulen "Costa de Valencia". Her brukte vi ein heil dag på L'Hemisferic, Oceanografic og Museo Principe Felipe, eit vitskapsmuseum som blei litt i meste laget den dagen. Får ta det igejn ein annan gong!

1 kommentar:

Ragnhild sa...

Så kjekt å sjå og lese! Du er flink og heldig og vi gleder oss til å besøke deg i vår ein gong. Men aller først gleder vi oss til å vere i lag med deg i jula! Klem frå Børsa-kvartetten :)