Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. Dei som snakkar om ingenting er ofte dei som snakkar mest. Eg veit ikkje kva eg gjer. Trur det kjem an på situasjonen. Sometimes I do, sometimes I don't have; So much things to say...
søndag, desember 06, 2009
eksamen..
Stemningsrapport kl 21.00 kvelden før eksamen i Sosial organisasjon og identitetsdannelse. Hører på Sloveig Slettahjell som syng Take it with me. (Sjekk ut www.ragnhildogvegar.wordpress.com for å høre denne nydelige sangen) Med gitaren stødig bak meg, god rødvin på pulten i tillegg til yerba mate, eit grovt rundstykke med brunost, saft, kaffi og litt notater foran meg har eg det rett så koselig. Er akkurat ferdig med artikkel-kompendiet, og skal pugge litt no før leggetid kl 23.
I den eine vinduskarmen har eg to adventslys, det er jo 2.søndag i advent! I det andre vindauget heng to pepperkakehjerter for å skape litt julestemning. Innimellom set eg på litt god julemusikk for å skape ekstra god stemning. Til tross for at eg føler at ingenting av det eg les vil feste seg til hjernebarken, så held eg motet oppe med desse førjul-koselige innslaga!
God kveld frå meg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
hehe, kult kusine! Høyrest ut som om du finn lommer av det gode liv i eit hektisk eksamenslesingstilvere; det er ein kunst! Lukke til på eksamen! Drikk du nok mate så går det garantert bra! jardisklem
rødvinen hjelper sikkert også på resultatet! u go sis!
Legg inn en kommentar