torsdag, oktober 02, 2008

Familietur til Tigre

I helga hadde vi bursdagsfest på fredagen. Mykje folk og god stemning:) Det tok slik på at vi måtte ta oss ein liten ferie frå laurdag til søndag. Turen gjekk til Tigre, ein koslig og rolig liten by ein time nord for Buenos Aires. Vi reiste laurdags formiddag, og hadde ein fantastisk ettermiddag på elva i Tigre. Det var varmt og deilig, og mykje fint å sjå. Søndagen tok vi "la lancha", båt-bussane som går på elva i Tigre. Vi gjekk av "bussen" i la zona Tres Bocas (Dei tre munningane). Der gjekk vi ein liten spasertur på små stiar som går mellom elvene og husa. Mange fine blomstrar og plantar. Når vi skulle tilbake måtte vi vente ein time på "bussen"... Så tok vi toget heim frå Tigre og var i Buenos Aires igjen søndag ettermiddag. Det var ein perfekt familieferie:)



1 kommentar:

Ragnhild sa...

Kjekt med familietur!!

Og artig å høyre deg snakke om båt-bussane. For vi driver og jobber med båt-kollektiv-system i Oslofjorden dette halvåret! Båt i tillegg til buss og tog. Så eg trur eg må Google dette Tigre-systemet litt :)

Ha ein god dag, Gittemora!

Klem frå storesøster.