lørdag, mars 12, 2011

Latinfest!!!


I helga er det salsa for alle penga her i Trondheim!! Latinfest 2011 går av stabelen, og eg er med. I går var åpningsfesten på Pirsenteret, og i dag har det vore kurs heile dagen med fantastiske instruktørar! No har eg dusja og lagar middag medan eg gjer meg klar til kveldens fest :) Då blir det liveband som spelar til dansen og show av dei eksterne instruktørane som besøker Trondheim denne helga. Eg gleder meg!! I morgon er det nok ein dag med dansekurs på pirsenteret. Ein skal kjenne det på kroppen etter ei slik helg :)

I <3 DANCING

tirsdag, januar 11, 2011

Godt nytt år!

Godt nytt år!
2011 er godt i gang, og det er bra! Eg er tilbake i Trondheim og ser fram til eit nytt semester her og i Børsa.
Nokre bilder frå det nye året:


Eg og mi kjære snøfjøl på Godøyfjellet :)


Søte Laura les blad på den fine benken sin :)


Knusing av pepperkakehuset heime i Leitebakk saman med entusiastane Sigrid og Øyvind Snorre! :) ...fotograf; pappa..

tirsdag, desember 07, 2010

Julemann

Forrige torsdag, den 2.desember, var eg i Børsa og leika med Laura! På kvelden baka eg julemenn saman med Ragnhild! Veldig koselig dag og kveld. Eg likar førjulstida sjølv om eksamen-stress set sitt preg på dagane. Med julekakebaking blir stemninga med ein gong litt lettare :) No les eg til eksamen i Kultur, Natur og miljø, et julemenn, medan eg hører på Solveig Slettahjell si juleplate "Natt i Betlehem". Den anbefaler eg på det varmaste! God advent!



søndag, november 21, 2010

BERLIN

Birgitte: Ich bin eine berlinerbolle. Sigrid: Ich bin auch .... eine berlinerbolle. Jah, dei siste dagane har Sigrid og eg vore i Berlin og virkelig levd livet og kosa oss max!! Med tre S'ar Shopping, Sightseeing og Salsa vart dagane fulle og gøye! Møtte mange kjempetrivelige mennesker og gjorde akkurat det vi ville når vi ville. No er vi tilbake i Trondheim og skal gjere siste innspurt i eksamenslesinga før juleferien. I dag har eg berre mimra tilbake til dei fantastiske dagane i fantastiske Berlin. I tillegg har eg vore på kjempekoselig søndagsmiddag hos Jardar og Marthe. Legg ved nokre bilder frå Berlin. E n j o y :)





torsdag, oktober 28, 2010

ITALIA

I helga var Sigrid, pappa og eg i Torino i Italia på matmesse arrangert av Slow Food. Fantastisk oppleving. 150 000 besøkande på messa og fantastisk mange trivelige messedeltakarar. Vi storkosa oss og solgte klippfisk til den store gullmedalje! :) Gode menneske frå heile verda, og då meiner eg verkeleg alle verdshjørner, var samla under same tak. Alle arbeida saman, åt saman og flira saman. Ord eller bilder kan ikkje beskrive det. Det var ei draumeverd!