Vakkert.
Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. Dei som snakkar om ingenting er ofte dei som snakkar mest. Eg veit ikkje kva eg gjer. Trur det kjem an på situasjonen. Sometimes I do, sometimes I don't have; So much things to say...
torsdag, februar 26, 2009
Soloppgang bak sjøbuda..
I dag var vinterens første morgon med morgonsol på kontoret. Utrulig vakkert og kjempedeilig med soloppgangen rett i fleisen!

Vakkert.
Vakkert.
torsdag, februar 12, 2009
Sykt mykje snø!
torsdag, januar 01, 2009
Feliz año nuevo!
tirsdag, desember 30, 2008
Juletur til Hustad!
I går tok vi tilen til Hustad, Nyjordet. Vi køyrte frå Godøya kl 9.30 og rakk 11-ferga frå Vestnes. Når vi kom fram til Hustad fekk vi nydelig jule-lunch som tante Synnøve hadde laga til. Med gommegraut og alt! Hærlig. Etterpå gjekk vi ein tur langs ein ny sti ved kysten. Det var ein kjempefin tur, og litt kald. Når vi kom tilbake til Nyjordet hadde tante Synnøve laga til nydelig kaffikos. Etter kaffikosen gjekk vi rundt juletreet. Det var ei fin avslutning på ein god dag hos dei på Hustad. Takk!



torsdag, desember 25, 2008
El ultimo arbol en la selva..
I år blei det berre vi i nedre som henta juletre i skogen. Lillejulafta, tradisjonen tru, sette vi avgårde opp i skogen for å hogge årets juletre. Vi gjekk langt og lenger enn langt, og då vi om sider kom fram til onkel-Petter sitt stykke forsvann vi inn mellom dei høge og tettgrodde trea. Den første furua vi fann var den beste, og vi fastslo at det er skogens siste juletre. Så neste år må vi finne på noko anna lurt. No er treet pynta og står så fint i stua, og med inspirasjon frå "Juletre fra skogen" hang Øyvind på navneskiltet: "skogens siste"...



Abonner på:
Innlegg (Atom)