You want a little of this, a little of this.. can't touch it. Det svinger fra høytalerane, og eg filosoferer litt kring livet, opplevingar og minner, framtida og draumar. Dei siste vekene har vore gode, utfordrande, gøye, rare og alt på en gang! Vanskelig å sette ord på kjensler av og til. Ein får litt av alt, men klarer ikkje alltid å ta det inn over seg.. can't touch it. Den travle eksamenstida er over, og sensurdato er over meg. Alltid like spennade å sjekke om nye eksamener er retta. Så langt er eg godt nøgd med resultata frå studiene dette semesteret! Det er godt! Vi fekk sjokkbeskjeden om at vi må flytte ut av vår kjære heim i Njardarvollen i løpet av juni. Huseigar skal selge huset. Så då vart eg plutselig ivrig gjest på hybel.no og har vore på fleire visningar. Vaskar ned rommet i dag, og reiser til Alta i morgon. Kontrast. Trur det ordnar seg med ny plass og bo, men veit ikkje noko sikkert enda. Rar kjensle. Utdrikkingslag for Kjersti i Hemsedal forrige helg, overnatting hos morfar, kino sex & the city 2 saman med Ragnhild, tapas og salsa denne helga og nedvask i dag. Det skjer så mykje, og det er noko eg kjenner at eg trivs med! Samstundes føler eg av og til at livet står stille. Men kjenner oftast at eg utviklar meg og at livet går framover. Har vore mykje jobb på barneheimen der eg jobber som ekstravakt. Kjenner at eg får mange utfordringar og nye erfaringar som eg blir kasta ut i gjennom jobben der. Det er noko eg likar. Sansane blir skjerpa, og eg lærer å vere til stades i livet mitt og andre sitt liv på ein annan måte enn tidlegare. Eg tenker at å vere til stades i mitt eige og i andre sitt liv er noko av det viktigaste eg kan gjere.
Appropo tittelen på blogen min: "so much things to say", så ser eg at eg hadde mykje på hjertet i dag. Kjenner at eg har eit ambivalent forhold til å dele for mykje personlig på blogen, men av og til er det godt å dele tankar og opplevingar på verdsveven. Tenker at eg kastar ut ein ball, og så veit eg ikkje kven som tar imot. Viss det var du, så håper eg at du synes det var greit å ta imot ballen, og du kan berre legge den frå deg om du vil. Om du vil kan du ta vare på oppfordringa om å vere til stades, og kaste den vidare til andre!
Såg nokre bilder av KRIK Trøndelag sine t-skjorter i dag. Der sto det "be it, love it, share it"! Med en liten intern kommentar til slutt: It's a yes from me!
1 kommentar:
Må si "Yes for me too ;)"
Legg inn en kommentar