Hurra for 17.mai, for vakre Norge og for gode venner og familie! I år starta nasjonaldagen forholdsvis tidlig med at eg blei vekka av Nardo skulekorps utanfor soveromsvindauget kl 06.30. Flott! Hehe.. Eg fekk det på film, og ler høgt kvar gong eg ser den, fantastisk musikk.. eller bråk som Vegar kaller det..
Litt etter litt vokna huset til liv, og den eine jenta etter den andre kom spradende med flotte bunadar, for ikkje å snakke om dei staute karane i dress som kom innom før vi dro på kvar våre 17.mai-frukostar. Eg dro til Jardar og Marthe der det var nydelig mat og veldig trivelige folk! Etter litt forfriskende Champagne gjekk vi til senrum for å sjå på borgertoget/folketoget.
Toget var uendelig langt, og eg rakk berre å sjå litt før eg gjekk for å møte Dagrun og Johan som eg fekk sete på med til Børsa. Når vi kom dit hadde Vegar fyrt opp grillen, og vi kosa oss med deilig grillmiddag før vi tok turen opp til Fredly for 17.mai fest. Morsom underholdning og verdens mest effektive loddtrekning (unnagjort på ca to minutt) var nokre av høgdepunkta derfrå.
Pappa Ståle, eller besten som han heiter i Børsa, var også i Børsa og feira 17.mai 2010! Veldig kjekt. Lura Vann ein premie i loddtrekninga, det var stas! HURRA!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar