Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. Dei som snakkar om ingenting er ofte dei som snakkar mest. Eg veit ikkje kva eg gjer. Trur det kjem an på situasjonen. Sometimes I do, sometimes I don't have; So much things to say...
mandag, april 05, 2010
Påska, del 2; akvariet, fridykking og skitur
Jada, sjølv om det har vore rolige dagar denne påska, så har det skjedd noko heile tida. Tur til atlanterhavsparken i Ålesund saman med gode søskenbarn og barn til søskenbarn ;) Sjå www.olgasklan.blogspot.com for bilder og historie frå denne turen. Ein ettermiddag fekk eg vere med fetter Sturla ned i vika å fridykke. Det var ei heilt ny og utrulig stili oppleving. Fekk låne tjukkere våtdrakt enn den eg har sjølv, to våtdrakt-hetter, snorkel, dykkebriller og svømmeføter, og tok turen ut til Karifluda. Såg ein stim med småsei, og ellers mykje fin tare ;) Den siste store opplevinga var skitur saman med mamma, pappa og veslebror Øyvind Snorre på Fjellsetra. Sjå Olgasklan-blogen for bilder frå denne turen også! Det var ein deeeilig dag på langrenn med sol og skikkelig påskeføre (bildet). I dag fekk eg sete på med snille svoger Vegar til Børsa, og skal ta buss til Trondheim om tre kvarter ca.
Det har vore ei GOD påske! På same tid er det GODT å komme tilbake til Trondheim og komme igang med kvardagen att. No skin sola og det er så fiiint!!!
LIVET ER HERLIG <3
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
7 kommentarer:
Takk for gode dager sammen i påska,Birgitte! Kjekt å ha bloggene å mimre med. Godt å ha deg hjemme! Godt at det også er godt å være i hverdagen! KLEM fra mamma
Takk det samme mamma! Veldig kjekt og godt å vere heime i påska. Fine dagar, og veldig fin skitur! Glad i deg <3
Takk for gode dagar. Og no gler eg meg til fleire gode dagar i lag her i kvardagen! Kanskje Laura og eg kjem ein tur til deg i dag. Mulig at vi kidnapper deg med oss heim att også :)
Birgitte og Sturla fridykkar: http://ragnhildogvegar.wordpress.com/2010/04/13/fridykkersøskenbarn/
Stilig fridykke-innlegg! Det bildet fekk fram den gode følelsen :)
Les hele bloggen, ganske bra
Legg inn en kommentar