fredag, august 29, 2008

Fredag=helg= fin de semana!!











No er det helg! Etter spansk timane i dag hilste vi "buen fin de semana" og så var det helg:) Anette, Mona og eg tok turen til Palermo for litt sightseeing og litt shopping. På vegen til t-bana gjekk vi forbi Casa Rosada, det gamle president-palasset der Evita sto på balkongen å vinka. Så såg vi på Plaza de 25 de Mayo, som er dedikert til frigjeringa frå spanjolane i 1810. Deretter tok vi t-bana til Palermo(Ein bydel som er litt "finare" enn dei andre). Først gjekk vi for å sjå på huset der Jorge Luis Borges budde i barndommen. Han er ein forfatter vi skal lese frå på studiet. Så tok vi turen til shoppingsenteret "Alto Pelermo". Eit flott STORT kjøpesenter. Etter litt shopping fann vi den einaste Starbucks-kafèen i heile Buenos Aires(trur vi) og kosa oss med ein iskaffe i varmen som har begynt å komme! Til no har det vore utruleg kaldt. I dagtidleg kl sju var det 5 grader!!!! Men sola varmar godt utover dagen, heldigvis:) Eg såg den første og einaste (i følge mine observasjonar) søppelbilen i BA i dag! Eg legg også ut eit bilde av ein søt hundepassar som sleit litt med å få orden på halsbanda:) Livet i Buenos Aires er fint:) Hasta la proxima!

Ingen kommentarer: