Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. Dei som snakkar om ingenting er ofte dei som snakkar mest. Eg veit ikkje kva eg gjer. Trur det kjem an på situasjonen. Sometimes I do, sometimes I don't have; So much things to say...
torsdag, november 09, 2006
Fjelltur!
I dag trossa eg vind og sludd, og la ut på joggetur. Då eg nærma meg skulen hørte eg fjellet ropa, og eg tok ein kjapp avstikkar oppover myrane til "pensjonist-benkane". Vidare gjekk ruta opp til valkvæ-egga, der eg signerte boka kl. 09.33. Sette kursen austover i lett jogg og stoppa etter ei stund for å ta bilde av utsikta, som er blendande vakker, eller kva?! Tok meg så ned den bratte traseen mot Leitebakken. Vått berg og gjørmete sti, det var nok av utfordringar for å sei det slik!.. Våt og svett hoppa eg i dusjen og følte meg klar til å møte ein ny dag!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar