Då er desember godt i gang, og eg for min del har hatt ei veke med intensiv førjulsfeiring her heime, før det ber på "bøljan blå". Julemusikken har stått på frå morgon til kveld..(ja, ok, det var en liten overdrivelse..) Til tross for snømangel, har det likevel vore god adventsstemning i heimen.
Har baka tre forskjellige sortar julekake, hengt opp julegardiner, hjelpt farmor med julevasken og chilla'n max denne veka. I morgon fortsetter eg førjulstida på hurtigruta og ser fram til å feire jul og nyttår der i år. Prøver å overbevise meg sjølv om at det blir bra:) Men det blir nok neppe som ei god jul heime på Godøya. Har laga meg eit nytt slagord: "Come what may, and I'll make the best out of it".
I dag var papsen og eg på sjøen og drog julefisken:) HÆRLEG!! Ny båt og motor gjekk som ei klokke, fisken beit, og veret var strålande. Kan eg be om meir?!
Vakker vinterdag i havgapet!
Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. Dei som snakkar om ingenting er ofte dei som snakkar mest. Eg veit ikkje kva eg gjer. Trur det kjem an på situasjonen. Sometimes I do, sometimes I don't have; So much things to say...
fredag, desember 08, 2006
torsdag, november 23, 2006
Årets spiller!!
onsdag, november 22, 2006
Vedhogst, fjelltur og poker!
søndag, november 12, 2006
brilleslanger
Søskenbarn Åse-Britt og ei venninde var på besøk i går. Vi var hos farmor som proppa oss full med dei hærlegaste delikatesser. mmm..ein kan leve lenge på slike middagar! I lystig lag poserte vi med farmors briller med rungende salme-musikk i bakgrunnen. Farmor sang med i godstolen og kosa seg med årets julegave-strikke-prosjekt! Eg gler meg til den mjuke pakken under juletreet i år:)
torsdag, november 09, 2006
Fjelltur!
I dag trossa eg vind og sludd, og la ut på joggetur. Då eg nærma meg skulen hørte eg fjellet ropa, og eg tok ein kjapp avstikkar oppover myrane til "pensjonist-benkane". Vidare gjekk ruta opp til valkvæ-egga, der eg signerte boka kl. 09.33. Sette kursen austover i lett jogg og stoppa etter ei stund for å ta bilde av utsikta, som er blendande vakker, eller kva?! Tok meg så ned den bratte traseen mot Leitebakken. Vått berg og gjørmete sti, det var nok av utfordringar for å sei det slik!.. Våt og svett hoppa eg i dusjen og følte meg klar til å møte ein ny dag!
mandag, november 06, 2006
Vått, men flott!
onsdag, november 01, 2006
Det snør det snør!..og haglar og regnar og bles...
I går var det blås-bort-dagen på Godøya. I dag låg det snø på bakken når eg vakna. No har alt regna vekk, men vart fort erstatta av hagl. Ei kraftig byge med haglkorn så store som erter skylla i ettermiddag inn over øya i havgapet! Vind og regn, snø og hagl... Når ein bor i det ytterste barbari må ein berre seie som Ole Brumm: "Ja takk, begge deler".
mandag, oktober 30, 2006
stillast vatn har djupast grunn
Et filosofisk ordtak høyrer heime på bloggen til ein som les til examen philosophicum... "Stillast vatn har djupast grunn". For å utvide filosoferinga bak valgspråket So much things to say:..Nokre snakkar mykje, andre snakkar lite..
Mi o vise storesøster Kjersti lærte meg dette gamle norske ordtaket. Til ettertanke?!
Mi o vise storesøster Kjersti lærte meg dette gamle norske ordtaket. Til ettertanke?!
Mi hærlige lillesøster
lørdag, oktober 28, 2006
If you can't convince them, confuse them.
Ja, eg er forvirra. Forstår ikkje heilt korleis eg lagar min eigen blog, men prøvar! Ikkje overbevist om at det er så lett som folk seier, men om dette går; Velkommen til Birgitte sin blog!
...Nokre tenkjer før dei snakkar, andre snakkar før dei tenkjer. Nokre snakkar om alt, andre om ingenting. På bloggen min blir det rom for alt.
Legg gjerne att ei helsing/kommentar om alt eller ingenting! Don't be a stranger.
Abonner på:
Innlegg (Atom)