onsdag, november 01, 2006

Det snør det snør!..og haglar og regnar og bles...


I går var det blås-bort-dagen på Godøya. I dag låg det snø på bakken når eg vakna. No har alt regna vekk, men vart fort erstatta av hagl. Ei kraftig byge med haglkorn så store som erter skylla i ettermiddag inn over øya i havgapet! Vind og regn, snø og hagl... Når ein bor i det ytterste barbari må ein berre seie som Ole Brumm: "Ja takk, begge deler".

Ingen kommentarer: