torsdag, mai 28, 2009

Dreadlocks!!!

Ny hårsveis! Eg har dei site vekene arbeida med eit ptosjekt som tok lenger tid og krevde meir arbeid enn eg hadde forestillt meg... Men VELDIG gøy likevel!
No har eg dreadlocks, endelig! I går hadde eg i bivoks sidan dei begynte å "gli opp"... Fekk eit tips om at bivoks fungerte som lim... og det skal eg helse å sei!!! No er håret mitt eit einaste sort mangearma stearinlys. Pappa fåreslo å bruke meg til juletre neste jul, med levande stearinlys.. hehe, eg veit ikkje heilt.. (Bivoks får du kjøpt i slike plater du kan lage stearinlys av.. for den som ikkje visste det)Her er resultatet: (riktignok før eg hadde bivoks i, men det ser ganske likt ut likevel, bortsett frå at no er dei mykje stivare enn dei var på desse bilda)

Første bildet er rett etter at eg var ferdig med backcombing:

Her er to bilder av resultatet etter at eg føna i litt dreadwax:



Kanskje blir eg sjåande ut slik igjen? Men ikkje før om leeeenge da! :)

tirsdag, mai 19, 2009

17.mai i Børsa!

17.mai 2009 feira eg med familien i Børsa. Vi hadde ei fantastisk fin helg hos Ragnhild og Vegar. Takk for ei minnerik og god helg!!! Her er eit utvalg bilder frå 17.mai:





søndag, mai 03, 2009

Fisketur på Godøyfjellet!

Natt til 2.mai gjekk Øyvind og eg opp på Alnes og skulle prøve fiskelykka!
Bilder kjem seinare!

...her er nokre bilder:


søndag, april 26, 2009

Italia på Slow Fish

Sist helg var papsen og eg på Slow Fish messe i Genova, Italia. Genova er ein utrulig sjarmerende havneby nord i Italia. Vi budde på eit hotel i Porto Antico, den gamle havna. På messa var det mykje liv og fullt kjør!!! Over 55000 besøkande på 4 dagar seier vel sitt.. Vi hadde med nesten eit tonn med klippfisk, og vart utsolgt på 3 dagar! Den siste dagen sto vi på standen utan noko å selge, då vart det mange skuffa italienarar.. Her er nokre bilder:
Hotel Acquario i Genovas trange gater

Monumentet i havna var stort, flott og ruvande!

Pappa på standen. Her "budde" vi iløpet av dagane denne helga.

Italienarar var ville etter klippfisk frå Norge!! Wæcko:)

Våre gode venner frå Cornwall sto på standen ved sida av og solgte østers! God stemning og godt naboskap:)

tirsdag, mars 10, 2009

dans

Dance for your life:) I helga var eg på salsa-kurs i Ålesund. Fantastisk artig! Derfor vil eg anbefale alle som har mulighet til å danse om ikkje å nøle eit sekund. Det er utrulig kjekt, sosialt og bra trening for både kropp og sjel!



Sagt om dans:

Under vatnet heng alle holmer saman.
(Underwater, all islands connect.)
(Jowitt)