søndag, april 26, 2009

Italia på Slow Fish

Sist helg var papsen og eg på Slow Fish messe i Genova, Italia. Genova er ein utrulig sjarmerende havneby nord i Italia. Vi budde på eit hotel i Porto Antico, den gamle havna. På messa var det mykje liv og fullt kjør!!! Over 55000 besøkande på 4 dagar seier vel sitt.. Vi hadde med nesten eit tonn med klippfisk, og vart utsolgt på 3 dagar! Den siste dagen sto vi på standen utan noko å selge, då vart det mange skuffa italienarar.. Her er nokre bilder:
Hotel Acquario i Genovas trange gater

Monumentet i havna var stort, flott og ruvande!

Pappa på standen. Her "budde" vi iløpet av dagane denne helga.

Italienarar var ville etter klippfisk frå Norge!! Wæcko:)

Våre gode venner frå Cornwall sto på standen ved sida av og solgte østers! God stemning og godt naboskap:)

tirsdag, mars 10, 2009

dans

Dance for your life:) I helga var eg på salsa-kurs i Ålesund. Fantastisk artig! Derfor vil eg anbefale alle som har mulighet til å danse om ikkje å nøle eit sekund. Det er utrulig kjekt, sosialt og bra trening for både kropp og sjel!



Sagt om dans:

Under vatnet heng alle holmer saman.
(Underwater, all islands connect.)
(Jowitt)

torsdag, februar 26, 2009

Soloppgang bak sjøbuda..

I dag var vinterens første morgon med morgonsol på kontoret. Utrulig vakkert og kjempedeilig med soloppgangen rett i fleisen!

Vakkert.

torsdag, februar 12, 2009

Sykt mykje snø!

Dei siste dagane har det lava ned med snø. Fantastisk. Øyvind og eg var på skitur uti Leiningane i går, og i dag var eg på "aleine-tur". Gleder meg over snø og skikkelig vinter. Når meldingane seier det skal bli kaldare til helga blir eg berre i enda betre humør:) Her er nokre bilder frå snøkaoset!


torsdag, januar 01, 2009

Feliz año nuevo!

Godt nytt år! Håper 2009 blir eit godt år for alle! Starten har iallefall vore upåklagelig her på Godøya. Vi har vore samla familie og venner, og det har vore så trivelig! Her er nokre bilder frå nyttårsaftan og den første dagen i året:)