fredag, august 29, 2008

Fredag=helg= fin de semana!!











No er det helg! Etter spansk timane i dag hilste vi "buen fin de semana" og så var det helg:) Anette, Mona og eg tok turen til Palermo for litt sightseeing og litt shopping. På vegen til t-bana gjekk vi forbi Casa Rosada, det gamle president-palasset der Evita sto på balkongen å vinka. Så såg vi på Plaza de 25 de Mayo, som er dedikert til frigjeringa frå spanjolane i 1810. Deretter tok vi t-bana til Palermo(Ein bydel som er litt "finare" enn dei andre). Først gjekk vi for å sjå på huset der Jorge Luis Borges budde i barndommen. Han er ein forfatter vi skal lese frå på studiet. Så tok vi turen til shoppingsenteret "Alto Pelermo". Eit flott STORT kjøpesenter. Etter litt shopping fann vi den einaste Starbucks-kafèen i heile Buenos Aires(trur vi) og kosa oss med ein iskaffe i varmen som har begynt å komme! Til no har det vore utruleg kaldt. I dagtidleg kl sju var det 5 grader!!!! Men sola varmar godt utover dagen, heldigvis:) Eg såg den første og einaste (i følge mine observasjonar) søppelbilen i BA i dag! Eg legg også ut eit bilde av ein søt hundepassar som sleit litt med å få orden på halsbanda:) Livet i Buenos Aires er fint:) Hasta la proxima!

søndag, august 24, 2008

Søndag er markedsdag i San Telmo

Søndagen begynte rolig med litt oppgave-skriving. Så gjekk vi ut å åt frokost kl halv ett ca. Har levd på den heilt til i kveld. No har eg nettop vore ute å spist på ViaVia. Det er en veldig koslig restaurant et par kvartal nedanfor leiligheten vi bor i. Etter frokosten i dag så vandra vi i Calle Defensa og såg på det kjente søndagsmarkedet. På plaza Dorego (i enden av markedet) var det tangoframsyning. Veldig flott å sjå på. Gledar meg til å lære tango! I morgon er det første skuledag med spansk-test og innlevering av første oppgave. Så no er det natta!!

heftig sandwich til frokost..

Anette og jakob kosar seg med frokosten:)

Jakob og ei argentinsk dame poserer villig i kjent tango-stil!

Denne mannen sto å delte ut gratis klemmar! (Abrazos gratis)

Stilfull tangooppvisning på plaza Dorego.

fredag, august 22, 2008

Då er eg igang!

No er eg framme i Argentina og har funne meg godt til rette i leiligheten her. Det føles merkeleg naturlig å vere her. Og det er godt! Turen var lang, men gjekk veldig bra. Her er nokre bilder frå leiligheten eg skal dele med tre andre dei neste månadane! Ciao!




mandag, august 11, 2008

Til Argentina!

Om ti dagar reiser eg til Buenos Aires, Argentina! Tida flyg, og før eg veit ordet av det sit eg på flyet. Gler meg mykje! Skal studere spansk og latinamerikansk litteratur. Det blir spennende å oppleve ein ny kultur og eit nytt land. Kjem til å legge ut litt bileter her!

tirsdag, april 08, 2008

Yoho!! I'm back!!


Har strevd lenge for å få logga meg på kontoen min, sidan eg hadde gløymt passordet.. No klarte eg endelig å legge til birgittemgodo-bloggen til profilen som ej bruka på Olgasklan-bloggen, Hurra! Vel sidan sist eg var inne her har det hendt litt av kvart:)Eg reiste til Cuba i februar 07 og hadde fantastiske månader der!! Vil tilbake:) Var også på reise i Mexico og Florida. Det var opplevelsesrikt og verdifullt. Når eg kom heim i juni, bar det ganske direkte på hurtigruta, og eg jobba der heile sommaren. Hausten 07 byrja eg på høgskulen i Oslo. Har begynt på eit tre-årig studie som heiter idrett,friluftsliv og helse. Veldig kjekt! Bur i kollektiv på majorstua saman med Kjersti og Hanne og Shiva(ein liten chiuaua vi har passa på sidan i haust), VELDIG kjekt:) Happy house:) No er det ein mnd til eksamen, så det går mest i eksamenslesing! Vi snakkast meir framover:)Todeloo:)